–
Eg føler meg ung når eg dansar
linedance

– Eg er over 60, og føler
meg aldri så ung som når eg dansar
linedance, seier Oddlaug Reed. I helga var 40
deltakarar frå heile fylket samla til
linedancekurs i Førde.
–
Det kjekkaste med linedance er å kjenne
at både kropp og hovud fungerer, seier
Reed, som er leiar i linedanceklubben i Stryn.
Linedance er ein dans som kombinerer trim og
moro. Ein
dansar utan partnar, som oftast i ein gruppeformasjon
med rekker og rader, såkalla lines.
Arrangør av kurset er Førde ungdomslag.
Oddny Rosenlid, leiar i Førde linedanceklubb,
seier at det er stor interesse for slike kurs.
Komme utan partner
– Tidlegare dreiv vi med folkedans, men
det slutta vi med, fordi det var så få
som kom på samlingane. Dette er mykje
meir populært. Fordelen med linedance
er at ein kan komme åleine og treffe andre
som likar å
danse utan å måtte ha med partnar,
seier ho.
Instruktør på kurset er Cato Larsen
frå firmaet Western Entertainment. Han
held kurs rundt om i heile Norge. Larsen fortel
at linedance har kombinert element frå
mange typar dans. Prinsippa kjem frå irsk
reel og jig, men det blir feil å kalle
det ein irsk dans.
Inspirasjon
Det flotte med linedance er at du får
konsentrere deg om deg sjølv, og samstundes
vere sosial. Gjennom dansen får deltakarane
trent styrke, balanse, koordinasjon og kroppsbehersking.
– Dei fleste dansane på kurset er
nye for meg. Eg kjem til å plukke ut dei
som passar for gruppa vår sitt nivå
og bruke dei når eg kjem heim, seier Eva
Hage Solstad, som er instruktør i Lærdal
linedance.
– Det er veldig kjekt å treffe andre
med felles interesse og å lære nye
ting. Det er motiverande og inspirerande å
vere på kurs med ein så dyktig instruktør.
Cato leder ann i dansen.
POPULÆRT: Det var stor oppslutnad om linedancekurset
som Førde ungdomslag arrangerte i helga.
Artikkelen
er gjengitt i sin helhet og hentet fra Firda
4. Sept. 2006
(C) Bilder og teks: Anne Britt Sandøy